HjemNyheterDiskusjonsforumArtikler SupporterklubbenKamperSpillerinfoSupporterturerSupporterpuberKonkurranserBrukerstatistikkLenkerKontakt oss







Innlogging >>


Ny bruker?
Glemt passord?

 

      

- Supporterintervju Tottenham Hotspur (B)
Av: Espen Eithun Langedal

200 grams melkesjokolade står på spel!

I forkant av Tottenham-kampen har eg intervjua min tidlegare lærar frå mellomsteget og ungdomsskulen, Pål Arve Myklebust. Han insisterte på at intervjuet skulle vere på nynorsk som er både hans og mitt hovudmål.

I mine raude dagar (ja, eg har konvertert frå Liverpool) pleidde vi å vedde ein 200 grams sjokolade på kven som kom til å vinne når laga våre møttest. For å sei det slik; det blei lite sjokolade på han! Men som Eric Clapton synger ”Times have changed” (Golden Ring).



Kvifor Tottenham, og kor lenge har du vore tilhengjar?
- Har vore fan sidan eg var rundt 10, trur eg. Var vel pga Erik Thorstvedt, Lineker og ikkje minst Gazza eg likte dei. (Og sjølsagt Fluffy-sveisen til Paul Walsh og den legendariske Hockeyen til Chris Waddle!)

Korleis følgjer du Spurs?
- Ser nokre kampar på nettet, men kan nok ikkje kalle meg ein ihuga supportar..

Største høgdepunkt som Spurs-supporter?
- Handhelste på Gazza på Fosshaugane i samband med ei Kretslagssamling... Sigeren i FA-cupfinalen 1991 er også minneverdig! Slå opp i eit leksikon på "Overtenning", og du finn eit bilde av Gazza med knottane planta i brystkassa på ein Forest-spelar...

Kva var forventningane dine før sesongen?
- Forventingar: Topp 10, Forhåpningar: Topp 5

Favorittar i dagens tropp?
- Ingen store, men visst eg må velje så vert det Lennon.

Nokre vene ord om David Bentley?
- Tja.. Hadde vet til å gå til ein betre klubb i alle fall.. Kunne spelt litt betre!

Ikkje alle kler kvitt like godt, sant Roggen?




Har de det som skal til for å splitte topp firelaga?
- Er litt mange skadar for tida, men har sjølsagt trua! Hard kamp om fjerdeplassen i år! Verre å splitte topp 3...

Kva slags forhold har du til Blackburn?
- I og med at to gode kompisar er Blacka-fans, så humrar eg litt kvar gong dei går på ein smell... Men dei har overraska positivt i år! (Blackburn altso...)

Harry Redknapp – hot or not?
- Gjer ein bra jobb etter det eg kan sjå! Hot....

Denne mannen er visst hot.


Crouch var forbanna stygg i førre møte på Ewood der den første scoringa aldri skulle ha vore godkjend etter fjellklatring på Nelsen. Kampen ender 2-0 i disfavør Blackburn. Nøgd med stakan?
- Han har fått ein ny vår! Imponerar på Spurs og for England! Er nesten ein Tore Andre Flo; høg slåp, god på haue og finslepen teknikk! (Manglar litt på det siste kanskje....)

Startellevaren dykkar på laurdag?
- Erik Thorstvedt, Ledley King, Aaron Lennon(!), David Howells, Gary Mabbut, Glenn Hoddle, Chris Waddle, Gazza, Gary Lineker, Jürgen Klinsmann, Teddy Sheringham

Kva tenkjer du om kampen på laurdag, og kva blir resultatet?
- Blir ein spennande kamp på fleire nivå! Viktig å vinne for å halde tritt med resten av "dei nest-beste", men minst like viktig å kunne slenge drit til Pølsa og Halliken etter kampen!

Kven vinn Premier League?

- United ser frykteleg sterke ut! Dei vinn dersom Rooney held seg skadefri...

Diskuter kampen på BRSCN.com her.

 

 
 Webmaster