|
Av: Kjell Sindre Schmidt
League One-klubben har sikra seg Doran i 1 månad.
Rovers.co.uk melder i ettermiddag at Leyton Orient har sikra seg vår lovande vingspelar Aaron Doran i ein månad framover.
Lånet tek til med eitt, slik at Doran skal vere klar for Orient sin bortekamp Gillingham på tysdag. Doran vert verande hjå Orient i London fram til 27. mars
Doran 18 år gamal og vert sett på som ein spelar for framtida, sjølv om det har vorte lite speletid til no for Rovers. Tidlegare i sesongen har den unge iren vore på lån i MK Dons, og no er det altså i Leyton Orient at han skal skaffe seg litt verdifull speletid.
brscn.com ynskjer Doran lukke til!
|